Gallionsfigur

Ein dyktig modellskipsbyggar held på med ein kopi av fullriggaren Imperator. Han spurde meg om å lage gallionsfiguren på 12 cm. Problemet var at den originale gallionsfiguren er borte, og det ikkje finst bilete av denne. Her er korleis vi løyste det: Det finst eitt bilete av heile skipet, med gallionsfiguren så vidt synleg. Vi veit at denne er ein mann, og føresteller Julius Caesar. Modelldkipdbyggaren fekk laga ein 3D-printa kopi på 12 cm av ein kjent statue av Caesar. Denne passa ikkje til skipet fordi posituren blei feil. Dermed fekk eg 3D-kopien, som blei utgangspunkt for ein ny trefigur i meir framoverlent stilling. På skipsbiletet ser vi at Caesar strekkjer armen ut framover. Det fekk eg til ved å lage armen for seg og lime med tapp. Men i etterpåklokskap ser eg at armen blei for stiv, og figuren assosierer til ein kjend autoritær statsmann frå 1933-45. Uansett, Julius Caesar var òg svært autoritær. Meir om skipet: Skipshistorie

Gallionsfigur Read More »