---
title: "Les på nynorsk"
description: "Har du ein idé? Eg lagar han i tre."
url: "https://tresprak.no/nynorsk/"
type: "page"
date: "2026-10-27T15:25:24+01:00"
modified: "2026-10-27T15:25:24+01:00"
author: "Trespråk"
---

# Les på nynorsk

## Treskjerar i Arendal

Trespråk lagar utskorne verk, utsmykking og restaureringar som gjev organisasjonar, bedrifter og menneske eit eige uttrykk i tre, med røter i den norske ornamentarven.

Eg heiter Torgrim Espolin Johnson. Eg har sveinebrev i treskjering frå Hjerleid og er omsetjar av latvisk og estisk. For meg er treskjering eit språk, med grammatikk, ordtilfang og lånord frå mange stilartar.

 [Fortel om ideen din](/kontakt/) 

![Torgrim ved arbeidsbenken med treskjærerjern og et utskåret ornament](https://tresprak.no/wp-content/uploads/2026/10/torgrim-ved-arbeidsbenken-1024x777.jpg "Les på nynorsk")

_Torgrim ved arbeidsbenken_

![Fire små speil](https://tresprak.no/wp-content/uploads/2026/10/fire-sma-speil-5-1024x768.jpg "Les på nynorsk")

_Fire små speglar_

## Kva eg lagar

Kvart oppdrag får si eiga form. Du fortel kva verket skal brukast til og kva historie som ligg bak, og eg gjev det form i tre.

- **Utsmykking:** skilt, minneplater og utsmykking av bygg, for bedrifter, lag og private
- **Personlege verk:** spegel med utskoren ramme, trelåsar, relieff og gåver etter ønske
- **Firmagåver og jubileumsgåver:** takkegåver, minneplater og plakettar
- **Restaurering:** eg lagar nye utskjeringar der dei manglar, så gamle gjenstandar blir heile att
- **Skjer sjølv:** filmar som viser grunnteknikkane, og arbeidsteikningar du kan skjere etter

## Slik går eit oppdrag føre seg

Vi byrjar med ein samtale om kva verket skal brukast til, kvar det skal vere og kva historie det skal fortelje. Du får alltid sjå ei skisse eller ein modell før vi gjer avtale, og avtalen har normalt fast pris og fast frist.

Eg brukar harelim, linoljemåling og skjellakk, fordi det gjev det beste uttrykket, ikkje fordi det går raskast. Med overflatehandsaming tek eit verk ofte meir enn to veker, og eg har gjerne to eller tre prosjekt i arbeid samstundes. Ta difor gjerne kontakt i god tid.

## Fire verdiar i kvart verk

### Dialog

Eg lyttar før eg skjer, og seier tydeleg kva eg kan levere.

### Røter og fornying

Arven er eit språk som skal snakkast, ikkje berre takast vare på.

### Kunst for nokon, til noko

Bruksverdi og kunstverdi er ikkje motsetnader. Verka skal brukast der folk samlast.

### Ærleg handverk

Materiala er valde for uttrykket, ikkje for farten. Eg står for det eg har laga.

## Ta kontakt

Du kan gjerne skrive på nynorsk. Bruk kontaktskjemaet eller send ein e-post.

 [Skriv til Torgrim](/kontakt/) 

**Telefon:** [951 39 094](tel:+4795139094)  
**E-post:** [torgrim777@gmail.com](mailto:torgrim777@gmail.com)  
**Facebook:** [facebook.com/tresprak](https://www.facebook.com/tresprak/)  
**Instagram:** [instagram.com/tresprak](https://www.instagram.com/tresprak)
