Om Trespråk

 

Trespråk er kommunikasjon. Har du ein idé om noko i tre, noko du ikkje kan få kjøpt? Då kan vi snakke om det. Det eg lagar for hand, får eit uttrykk. Oppgåva mi er å lage noko som utrykkjer det du ønskjer. Eg er ein tolk for idéane dine, og språket er tre.

Eg lagar utsmykking og ting med treskjering, og reparerer ting av tre – helst med treskjering.

Prosessen:
1. Idé frå kunde
2. Bearbeide idéen, evt. hente informasjon
3. Kunden får ei skisse eller fleire
4. Tilbakemelding
5. Evt. vidare bearbeiding til kunden er fornøgd
6. Avtale om pris og levering – normalt fast pris
7. Gjennomføring
8. Levering

Om produktet skal overflatebehandlast og målast, vil det ofte kunne ta over to veker, og eg kan jobbe med to-tre prosjekt på éin gong. Derfor er det ofte lurt av kunden å starte prosessen i god tid. Helst ønskjer eg eit samspel med kunden, med utveksling av idéar. Dette kan ta litt tid, men fører ofte til at både kunden og eg blir endå meir begeistra over resultatet.

Meg foran sørlandsrokokko

Om meg

Eg tok sveinebrev i treskjering på Hjerleid i 2004. I fem år dreiv eg med treskjering og omsetjing på Dovre i firmaet mitt, Trespråk. I nokre år jobba eg som lærar, men i 2022 starta eg Trespråk på nytt i Arendal sentrum.

 

Språk har eg drive med i mange år, som omsetjar av latvisk og estisk, og som lærar i norsk som andrespråk. Men treskjering har for meg blitt eit språk eg kan uttrykkje meg gjennom. Eg er kunstnar av natur, utdanna i handverk, og i ferd med å gjere handverket til kunst.

I 2008 hadde eg arbeidsstipend frå Norsk Kulturråd: Folkekunststipendet. Eg reiste til Riga og Paris, og eg arbeida eitt år i Riga med å utforske jugendstil og rokokko.

Treskjæring som språk

Treskjering er eit handverk OG ei kunstnarleg uttrykksform. For å kunne uttrykkje seg gjennom treskjering må ein kunne handverket. På same viset må ein øve for å lære eit språk. Men målet med både språk og treskjering er å kommunisere.

Eg dyrkar kommunikasjon
– med deg som kunde ved å ta imot idéar, rådføre meg med deg og gje deg klare avtaler og faste prisar – gjennom produktet ved å tolke idéen og skape eit uttrykk som ikkje nokon har sett maken til.

Kontakt

Besøksadresse: Vestre Gate 9, 4836 Arendal

Postadresse: Stensåsveien 91, 4846 Arendal

+47 95 13 90 94

torgrim777@gmail.com

© 2024 Trespråk | Levert av Magnesen Media

Scroll to Top